Etter par tre dagar uten bilder på deler av bloggen minn er bildene tilbake. Takk til VGB
Lurer på hvor bildene mine er.
Nå er det ekkje noe artig og blogge. Har sett over bloggen min, og ser at bildene mine har forsvunnet. Eg lurer på om VGB har tenkt og leggja dei inn igjen, eller om dette vert ein død sone som ein ikkje kan stole på.
Som bjørnen
Den som kunne levd som bjørnen, lagt seg til hvile og sovet til sola varmer fjell og li. I dag er det kaldt på Vestlandet. Det var det og heile helga som var. Søndag var vi på Sunnmøre museum på familiedag. Eg spikka og Helene brukte nåla og nålbandt ei hue. Mye folk og mange gode komentarer.
Kunst og Handverksmessa Lillestrøm
I dag etter arbeid reiser eg på Kunst og handverksmessa på Lillestrøm. Det er 7 og ein halv time kjøring så eg blir ikkje deltakar der før en i morra, men frå i dag vert det rundt 20 vikingar der for og promotere vikingverden, aktivitetar ol.
Til dere som bur i nærleiken, ta dere ein tur, dere som er vikingar, ta på dere klea og kom, dere andre kom og møt på vikingar og bli med på morroa
Nøklar til stein
Det var bruset frå elva,
suset frå havet
Det var natt, det var dag.
Under den grå steinen
skein det ei stjerne
Sanden var full av dei,
grå,utan noe.
Ein liten gut
Eg fant, eg fant
Rusla rundt og løftet stein
frigjorde stjerner
Liten stjerne, skein spegla seg
I himmelen, slokna og
gjemte seg under ein annen
grå stein
Ein hamna i lomma
rulla rundt med ei krone og
ein trekloss
Eventyr i nøtteskal bølgjet
med vinden
Små sommarfuglar rundt
det store treet,
som stønnande strekker
fingre etter ein hund
Rotfast i grøn eng
Den pissar daglig på
støvlane dine du tre
Ein grå stein,
liten stjerne
flyr frå ein liten hand
treffer, plopp.
Treet seier plopp
Ein grå stein, ei stjerne
FALLER
På grøn eng
Grønt gras, vott
frå hunden
ei stjerne i hundetoalett
kor djupt
kan ei stjerne senke
Ein liten gut
Eg fant, eg fant
Stjernenes frigjørar på grøn eng
Ein grå stein
Markblomster i sola
Kvite, gule soler
på grønt hav
to bein som skip
pløyer bølgjer
Ein grå stein
Ein liten stjerne på
Kjøkkenbenk
Eit eventyr – forlate .
Ting

Laurdag 10.11 vart det holdt vi ting i Møre Frie Vikingar på Tresfjord museum i Tresfjord. Ut på morgenkvisten var det snøvær og sludd, noen meldte avbud på grun av dårlig føre,men like før tinget tok til, vart været lettare så ein kunne sjå utover fjorden med snøkledd li og eng. Deltakarane på tinget kom frå heile fylket, frå Åesund til Tingvoll/Alvundeid.
Inne på museet i røykstova spraka bjørkeveden på bålet, og røyken lå mjuk like under sperrene. Der var det varmt og koselig og gjort klart for ei samling.
Sjøle tinget vart holdt ute på danseplattingen under fana til laget,

for høve sydd ferdig av Helene. Talestaven var aktivt i bruk, men snøgt var alvoret over og tinget sine deltakarar gikk inn i røykstova der det vart servert rømmegrøt og spekemat i skumringa.

Ny tid
Det laver ned mot våt mark, Vinteren sin hvite kulde kom i dag. Det har hagla, det har snødd, det har sludda, vi hadde til og med ei lita periode i dag då sola skjein og ein kunne sjå fjella, og nå kjem det tjukke hvite fjom frå svart himmel. Værmeldinga seier det vert noe storm frå torsdag, så i morra må eg bytte dekk, ta på vinterdekka og gjera bilen klar for vinteren. Sykkelen må også til pers, piggdekk må på framhjulet så det vert enklare at kome på arbeid på islagde veier tidlig hvar morgen.
Nå er fåreribba snart på veg til å bli pinnekjøtt.
I snart to veker har Vigra-møren minn hengt ute i garasjen og i kveld laga eg og guten ein god lake av salt og lunka vatn. Opp i der hadde vi som tradisjonen krev ein stor potet med ei fire tommar stor spiker rett igjennom. Når denne flyt opp er saltlaken klar. Nå må laken bli kald, så i morgon tidlig har vi opp i to fåreribber og eitt lår. Ribbene skal ligga i ei veke, og låret i 14 dagar for deretter å bli hengt opp.
Då er det bare og glede seg. Begynne med andre ting som må gjerast for den store midtvinterfesten. Gjera klar rull, kanskje laga heimalaga surkål. Plukka eine for å bryggja øl, samt brygga og gjera det som gjerast skal før sola snur på nytt. Denne gule klumpen som vi ser inn i mellom alle regnbyggjene. Men nå kjem håpenligvis vinteren snart med snø og noe meir stabilt vær.
Spegling
I helga var det ei hard tørn her på Nordvestlandet med store nedbørdsmender, brusande elver og kraftig naturoppleving.
Sjøl stod eg i skogen med motorsaga, rydda i hasselkjerret, og la ned ei stor Selje som hadde mistet fotfeste på grun av våt mark og litt vind. Hun stod godt i spenn mellom to furuer og hadde dratt med seg ei lita bjørk. Eg sleit lenge med spennvirkning i veden men til slutt lå hun der. Det regna og randt og eg var så våt under langt undertøy, ullgenser og verneutstyr
, at eg kunne likegodt vært naken når eg satte meg under ei stor gran, tente opp eit lite bål og kokte meg ein god kopp kaffi. Men jobben vart gjort, klea tørkar og eg kunne reise heim med ei god følelse etter par gode dagar i skogen.
Og i dag hadde vi opplett til etter lunsh. Fikk tatt noen fine bilder på Gjermundnes, arbeidsplassen minn, der fjella speglar seg i gårdstjørna då er det er fint og være menneske. 


Hårrek
Hårrek er ein artig viking sjøl om han har horn på hauet og ofte er noe tørst.
Har funnet ei artig side med mye artig hårrekstoff sjå. http://www.arcamax.com/hagarthehorrible der er det eit arkiv med Hårrek. Annbefales
