Det er fredag kveld og til helga er det Pinse. Helene står på kjøkkenet og lager såper og lys, Eg sit på¨stua og spikker på nålbindingsnålar. Vi held på å forberede for martnaden på Fløyen i Bergen 1-3 Juni. Inn i mellom, i storkningsprosessen på såpe og på lys, kjem Helene på stua. Då karer hun ull, og gjer klart til spinning på handtein. Når vi har kveldar som denne, hadde det vært kjekt og ha ein som sat og las frå sagaer og kvad. I morra Løvikja, sikkert noe spikking av ansikt, og forbereding av Sindre sin bursdagsfeiring, tirsdag. Han har bursdag til Bergenhelga, og vil gjerne feire i lag med kammeratene tirsdag. Då er eg ikkje heima. Skal på arbeid, overnatting på Dovre i lavo i lag med klassa eg underviser, ikkje til bake før onsdag ettermiddag. for deretter og reise til Bergen Torsdag. Som vanlig ein travel veke.
viking's Arkiv
Gratulerer med dagen
17 mai. I dag kan eg ete 17 is seier lille trollet på snart fem år. Ja siden det det er 17 mai. Det er mye rare argument for og få mange is.
Det er noe ekstra stress i år, for i morgen er det avreise på vikingmartnaden vår (Møre frie Vikinger og Leikvin kulturmynnepark Sunndal) arrangerer vikingmartnaden på Leikvin laurdag og sønndag og det er mye handverk og utstyr som må sjåast over og gjera klart i ettermiddag, kveld, natt
I morra tidlig. Pakking av vikingtelt på bilen. utstyret må i bil og på hengjar og så avreise til Sunndal der forberedingar og siste klargjering for marknaden tar litt tid. Vi gleder oss.
ALLE SOM KAN OPPFORDRES TIL OG TA SEG EIN TUR.
Det er bra eg har fri på måndag
Lita konkuranse for og ha det litt artig
Nå mangler det kun ca 400 innkikk for og runde ein ny titusen sidevisninger. Send meg ei melding og den som kjem nærast det nye titusentalet får ein liten ting i tre eller horn å ha rundt halsen.
Lykke til
Dette er reiseskildringa om Jorvikturen som vi vikingane frå Møre frie vikingar foretok frå mandag 12.februar til onsdag 21.feb
Del.2.

Som eg sa i går. Etter denne gode frukosten gikk svennene på oppdagelsesferd i Jorvik, mens eg var handelsmann på coppergate. Mellom 15 og 16, hadde høvding Georg avtalt med Jane, det er dama som hadde ansvaret for vikingfestivalen. (Kjempejente) at vi tre eg og sveinane samt Kjersin og Masken skulle få besøke Vikingmuseet i same gate. Der er det noe utradisjonell, men artig utstilling basert på dei funna ein har gjort i området. Denne utstilling anbefales alle som er interesert i vikingtid og levande arkeologi, men N.B. Dei som har ømfintlig luktesans, eller reagerer på kjemisk odør bør tenke seg om to ganger før dei blir med på heile utstillinga, for her brukes det mye kjemi for og få ein i rett stemning. og gjera utstillinga meir truverdig. Utstillinga er todelt, først delen reiser ein igjennom deler av vikingatida Jorvik i vogner, der ein ser og lukter byen, Den andre delen er meir ei utstilling der ein ser gjennstander i glassbur, ser holografiske bilder, og får kontakt med levande historikarar, handverkarar som arbeider på museet. Når vi var der var det ein engelsk smykkemakar, og ein norsk myntslagar. Hun og ellers engelske vikingar var veldig interesert i utstyret vårt og klea, kvalitet og måten ting var laga på.
Etter museumsbesøket gikk vi på vandring rundt i byen, til Barley hall der det var vikingmarknad på fleire etasjer, og i lag med fleire vikingar på ei restaurang som serverte fish and chips. Deretter bar det på nærast pubb i lag med gjengen, der vi tok ein pils og brus. Vi var ute på Danelaw ca kl 21. denne kvelden, ganskje slitne og jaga av alt for lite søvn.
Ny dag.
Opp tidlig og inn til byen. Eg prioriterte handel mens sveinane tok seg ein tur til the Dungeons og utforsket Englands skumle fortid, samt gikk til Domkirkja The Minster. Der er dete eitt arkeologisk museum i kjellaren for kirkja er bygd på ruiner av først eitt romanskt fort, derefter ei normanisk kirkje, ei litt nyare kirkje og …… Under Domkirkja har det vært veier, der er det akvadukter og dei forskellige måter og byggja på siden romersk tid i England. Dette bør alle som reiser til Jorvik ha med seg. Her får ein virkelig føling av byens gamle historie. Sveinane gikk og rundt i denne gigantiske domkirkja og aldri har eg høyrt Helgi snakke med så store og rosande bokstaver om eitt gudshus.
Deretter kom gutane tilbake til coppergate og vi reiste i lag med ein heil deligasjon vikingar på cross kees for og spise. Der fikk vi beskjed om at Sindre var for ung til og være der, noe dei angra nokk for alle vikingane reiste seg og gikk til ei anna restaurang.
Kl 19.30 deltok ein del av vikingane på "the ghost walk" frå byens smalaste gate, the Shambles
(Det er ei gate der husa ser ut som dei vil gi kvarandre klemm over dei som går. full med historie og kultur som mange av dei gamle gatene i Jorvik.)
og rundt i gamle byen. Ein svært så levande, underhaldande og kunnskapsrik gaid gav oss og andre oppleving av historie frå romertid og fram til 1800 talet. Han fortalte og fikk denne gamle byen til og bli ennå meir levande og historisk. Denne turen er vert hvar ei krone. Deretter reiste Sindre ut til Danelaw i lag med Grethe og Roger mens vi andre vikingar tok turen til ei stammkrå for vikingar nede ved elva. Avreise heim ca kl 01.00
Nå reiser vi til Jorvik

Nå reiser vi til Jorvik, jarlen i Møre frie vikingar og hans to svenner. Der skal vi både i viking og handel. Og takke Helene husfruen har vi mye nytt utstyr, nye tunikaer og anna. Første natta overnattar vi i Viken (oslo). Svennene heima hjå mora til Helgi (han store slampen i den røde tunikaen) og eg med Magnus bukselaus. Ein Islansk viking som klarte og overleve Borre vikingmarknad i sommer kun iført vams.
Tirsdag kveld blir så reist til England og vi er i Jorvik onsdag morgen. Der skal vi overnatte på Danelaw senteret like utan for byen til måndag morgen. Heile veka vert det full aktivitet. Sjå programmet her.
Måndag tar vi toget ned til London eg tror vi får love at vi ikkje skal øydelegga noen bruer denne gangen
jamnfør visa London bridge is falling down, osv. Der skal vi bruke resten av dagen til og sjå oss rundt før vi besøker gode vener utan for London for overnatting. Tirsdag reiser vi frå England, og overnatter då i Viken igjen til onsdag.
eg kjem til og ta mye bilder, og sende over til bloggen for deretter at skrive til tekst vis eg kjem meg inn på ein internettkafe. Vis ikkje skriver eg når eg kjem heim.
Marknad på Herøy gard.
Når det er marknad på Herøy gard
er det liv og røre. Der var vi nå i helga som kvar haust ellers siste fem, seks år. I år var vi i lag med andre vikingar, men før har vi stilt opp som håndverkarar, Helene som knipledame og eg som fant. Men nå var vi altså vikingar. Heile helga unntatt søndag morgen, og litt ut på dagen søndag skein sola, då regna det trollkjerringar. Det er blitt ein vane å pakke våte telt og utstyr. Men helga
var god. Ungane kosa seg og folk besøkte vår minileir i utkanten av marknadsplassen. Herøy gard er eitt museum som anbefales alle med kulturinteresse. Der sto det i førkristen tid eitt hov, der har det stått kyrkjer, både middelalder steinkirkje og ei nyare kirkje. Der er det ein kirkjegard, der folk måtte ha med jord til jordfesting og garden er eit gamalt handelssenter.
Sliten
I natt kom eg heim kl 0500. så i dag er eg sliten. Var som eg pleier dørvakt på den lokale kroa inne i tresfjorden, og der var det mye folk, enkelte vakre, andre folk. Og morgonen var her før eg fikk lagt meg. Sola slikket fjelltoppene, og fuglane vakna til liv. I grun er tidlig morgon dagen sin finast tid.
Sind at ein gjerne vil leggja seg seint og sove frampå. Nå berst det inn på småbruket, forsømt slått rundt huset må taes igjen, og kanskje eg får spent bogen par ganger.
Må og ta ein tur i skogen og hente noe emne til smykke som skal være ferdige til helga.
Har okså noe og feire. Over 2500 sidevisninger. Send meg ein hilsen, og med e-post og adresse og eg trekker ut ein heldig vinnar av ein liten torshamar i barlind onsdag kveld. og sender ut informasjon samt hamaren til vinnaren torsdag.
Ha ein god soldag
Nye Vikingtelt
Nå er det dags å lage eitt nytt vikingtelt. Storteltet vårt, Osebergstørelse er litt stort å dra med seg på taket av bilen, så eg lager to mindre. Til langstokkar bruker eg rundstokk. Dei gjer at teltet blir lettare og frakte. Til duk grønn ullduk som eg skal beisa med blanding av kaffe og te. Bilder blir lagt inn i ettermiddag eller kveld.
Hven er eg
Eg er ein Islending som har vært bosatt i Noreg i snart 20 år. Eg driv mye med gamalt handverk, arbeider gjerne i rått trevirke (Spikking og sveiping,m.m) men arbeider også med anna tre eller bein samt dekorteknikkar av ymse slag. Dette kan være blant anna kolrosing og eller karveskurd m.m.
Eg har reist ein del og arrangert kurs i forskjellige teknikker for skoler, kommuner, foreininger m.m Eg reiser og rundt og skaper miliø, har kurs i naturbruk og kulturhistorie, bruken av bue før og nå for dei som ynskjer det.
Eg er gift med Helene og har 4 barn. To frå vårt ekteskap og to fra forrige ekteskap. Alle er interesert i historie, og deltar gjerne i viking.
Eg er Ulsmann, det vil si at eg skyt med bogar og lager bogar av det materiale som finst i skogen, Eg sit i interrimstyret i Skade, Møre og Romsdal Langbuelag. . Eg har og litt kjenskap til skimaking, og har prøvd meg som bodhranmakar.

Eg er aktiv i Vikingmiliøet. Er medlem av Møre frie vikingar i Møre og Romsdal og Njardar vikinglag i Gudvangen. Er veldig interesert i historie, spesielt vikingtid, men stein og bronsealder er ikkje noe ukjent tereng for meg.
Eg er lokalpolitikker i Vestnes Kommune i Møre og Romsdal, Denne bloggen kjem ikkje til å gjenspeile mitt arbeid i lokalpolitikken.
Eg er og leiar i Vestnes husflidslag, og nestleiar i Møre og Romsdal husflidslag.
Denne blogen kjem til å handle mye om Historie, og Handverk, Om dikt og familie, Gleden over å skape og oppleve historien på ny og spanande måte.
