
Hun kom.
Hun kom ut av tåka, kald og svart som vrei seg som ein orm mellom skitne hus, strøyk dei og kosa blitt med røyken frå fabrikken, og vart eitt med den i kjærleiksrus.
Eg hørte henne ikkje kome før hun nesten gikk på meg. Ei lita tue av fast materie. Med ein pukkel på den unge ryggen. Eitt barn med ein tung sekk med koks. Andletet var svart av sot og redsel, og kroppen var liten og øm. Og det ville gå vidare, sin veg med bøygd rygg og bøygd sjølvrespekt. Som ein gamal mann eller ein liten hund slått av eigaren. Og eg spurte ?Kor stal du koksen?
Tåka var ennå svart og gruva sine stønn kom ifrå kokshøgdene, og det slapp posen og forsvann utan ord inn i røyken.
Eg stod igjen med kapitalen i øynene, ein fornem herre i svart frakk og med ein stokk.
Og eg forsto ikkje svolten og redselen til det folk eg så ned på, dei menneskja som kjempa for sitt liv og etablerte min økonomi
I den svarte verden, eter den kalde gruva og spyttar ut levande sjeler. Det er den langsame død.
