Etter ei koselig langhelg på Vikingreservatet nede på Gudvangen, området til Njardar vikinglag er eg heima igjen.

Reiste ned fredag etter arbeid og blei mottatt av fleire vikingar i fellesteltet, som nå snart må kallast for hus. Den første natta overnatta eg heima hos høvdingen Georg, men dei to seinaste låg eg i leiren. Vi har sjøsett Njardar, og tatt første turen ut på Nærøyfjorden. Skipet var lett å ro som i fjor, men tok inn noe vann grunna trutninga. Elles har vi brukt tida på og gjera klart til sommaren. Det er opsett ein fin bogebane, som er alt utprøvd, og Hans har begynt bygginga på eitt nytt skip. Vi har tatt imot turistar og informert om vikingtida og ikkje minst har eg hatt det kjekt som ein pleier i lag med gode vener.

Husk Vikingmarknad på Gudvangen 21-23 Juli.

Vikingmarknad på Hjørungavaag 15-18 Juni

Tips oss hvis dette innlegget er upassende