
Nå er ho her, behandla med kalium-permanganat, brun og fin, med handtak av hamp og med ein skoren drake på lokket. Dette er den første av fleire kister i vinter. Eg har tenkt å lage ei lita lang ei no til veka, for å kunne frakte piler utan å skade dei. Denne kista må og kunne romme bogeutstyr. Og seinar i vinter må eg lage to store kister til for å kunne frakte varer og utstyr.
Til helga skal eg ned til Gudvangen for å delta på årsmøtet i Njardar. Det vert det noko bogeskyting, og vi skal ta opp skipet og gjere klart for vinteren. Kanskje det blir ein liten fest laurdag kveld. Så no må eg lage fleire piler, og gjere klart for ein koselig tur frå fredag ettermiddag til søndag kveld/natt. Denne gongen reiser eg åleine.
