Når det er marknad på Herøy gard er det liv og røre. Der var vi nå i helga som kvar haust ellers siste fem, seks år. I år var vi i lag med andre vikingar, men før har vi stilt opp som håndverkarar, Helene som knipledame og eg som fant. Men nå var vi altså vikingar. Heile helga unntatt søndag morgen, og litt ut på dagen søndag skein sola, då regna det trollkjerringar. Det er blitt ein vane å  pakke våte telt og utstyr. Men helga

var god. Ungane kosa seg og folk besøkte vår minileir i utkanten av marknadsplassen. Herøy gard er eitt museum som anbefales alle med kulturinteresse. Der sto det i førkristen tid eitt hov, der har det stått kyrkjer, både middelalder steinkirkje og ei nyare kirkje. Der er det ein kirkjegard, der folk måtte ha med jord til jordfesting og garden er eit gamalt handelssenter.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende