Det er haust. Fjella hvite av snøstorm, skin i fjorden og morgonen er kald og sur. Vi trasker rolig i gjennom skogen og driver rådyra foran oss. Det regner, skogen er tett og vanskelig og trenge i gjennom. Blada på tre og buskar er våte og mellom ask og bjørkerenning ser eg lort og daggamle spor. Det er dyr i skogen. Regnet øker på og vinden øker, han kjem som kasta bakfrå og ned i skogen. Vi går på rekke frå sjøen og opp over haugen og i skogbrynet på andre sida av marka sit jegarane våre og ventar. Og ventar. 
Vi skremmer ut ein fin rådyrbukk. Kanskje vi har gått for fort, kanskje vinden er feil, for han kjem for snøgt ut i åpe lende. Ned langs kanten av marka, ut i marka, snur og springer i full fart tilbake til skogen. Jegarane vår også elever men med jaktprøve skyt ikkje, for farta er for stor og siktinga for usikker.
Sånn er jakta. Ein skal ikkje skyte og ta sjansen på skader og lidelse. Nei eitt skudd skal være sikkert og nøyaktig plassert.
Vi har ikkje gitt oss. Neste jakt vert om to veker, då skal dei andre grunnkurselevane bli med på rådyrjakt i same område og bukken skal falle vis gudane vil det. 
