Det var bruset frå elva,
suset frå havet
Det var natt, det var dag.
Under den grå steinen
skein det ei stjerne
Sanden var full av dei,
grå,utan noe.
Ein liten gut
Eg fant, eg fant
Rusla rundt og løftet stein
frigjorde stjerner
Liten stjerne, skein spegla seg
I himmelen, slokna og
gjemte seg under ein annen
grå stein
Ein hamna i lomma
rulla rundt med ei krone og
ein trekloss
Eventyr i nøtteskal bølgjet
med vinden
Små sommarfuglar rundt
det store treet,
som stønnande strekker
fingre etter ein hund
Rotfast i grøn eng
Den pissar daglig på
støvlane dine du tre
Ein grå stein,
liten stjerne
flyr frå ein liten hand
treffer, plopp.
Treet seier plopp
Ein grå stein, ei stjerne
FALLER
På grøn eng
Grønt gras, vott
frå hunden
ei stjerne i hundetoalett
kor djupt
kan ei stjerne senke
Ein liten gut
Eg fant, eg fant
Stjernenes frigjørar på grøn eng
Ein grå stein
Markblomster i sola
Kvite, gule soler
på grønt hav
to bein som skip
pløyer bølgjer
Ein grå stein
Ein liten stjerne på
Kjøkkenbenk
Eit eventyr – forlate .

