I snart to veker har Vigra-møren minn hengt ute i garasjen og i kveld laga eg og guten ein god lake av salt og lunka vatn. Opp i der hadde vi som tradisjonen krev ein stor potet med ei fire tommar stor spiker rett igjennom. Når denne flyt opp er saltlaken klar. Nå  må laken bli kald, så i morgon tidlig har vi opp i to fåreribber og eitt lår. Ribbene skal ligga i ei veke, og låret i 14 dagar for deretter å bli hengt opp.    

Då er det bare og glede seg. Begynne med andre ting som må gjerast for den store midtvinterfesten. Gjera klar rull, kanskje laga heimalaga surkål.  Plukka eine for å bryggja øl, samt brygga og gjera det som gjerast skal før sola snur på nytt.  Denne gule klumpen som vi ser inn i mellom alle regnbyggjene. Men nå kjem håpenligvis vinteren snart med snø og noe meir stabilt vær.                   

Tips oss hvis dette innlegget er upassende