Frå min gode ven Håvard Hatløy har eg fått tilsendt arbeidet til Lars Longva og Rune Brudevoll om garving. Dette er ein omfattande og god dokumentasjon som eg håper kan hjelpe dei som vil garve heima.
Skyljing, avfeitting og skraping
Skinn som har vore salta skal skyljast godt i vatn ( gjerne saltvatn).
Skinn som har vore salta skal skyljast godt i vatn ( gjerne saltvatn).
La skinna ligge eit døgn i vatn. Legg skinna opp på bommen med kjøtsida ut og bakparten mot deg. Skrap så frå deg med ein ”fleskekniv”. Det er viktig å skrape undersida ”med håra”, elles vil ein øydelegge hårsekkane.
Ein kan avfeitte skinna med å sette til litt Zalo i vatnet. Skyll godt etterpå!
Pyring og pikling
av huder som har vore avhåra gjennom ein kalkingsprosess
Pyring: Kalkinga har gjort at hudene er tjukkare, hårfalda har svolle opp. Pyringsprosessen skal vere med og sette huda tilbake i den tilstanden ho var før kalkinga/avhåringa.
Dei avhåra skinna blir lagde i ein stamp med rennande vatn i eit døgn. Ta så ut hudene. Tilset hønsegjødsel eller bukspyttkjertelen frå eit svin melen saman med fint sagmask. Begge desse (hønseskiten og bukspyttet) har enzym som hjelper til i denne prosessen. Så legg ein hudene i blandinga, som skal ha ein temperatur på 37,5 grader (kroppstemperatur). pH-en vil vere ca 8,5.
Pikling: Gjennom nøytralisering og sidan senking av pH-verdien, vil ein konservere hudene, slik at dei kan ligg lang tid før garvinga. Ein tilset 40 – 50 gram salt pr liter vatn som held 18 – 19 grader (ikkje over 20!). Så tilset ein mjølkesyre slik at pH-verdien kjem ned på 2,5 – 3. Det har vore vanleg å bruke maursyre i staden for mjølkesyre, men denne syra bleikar hudene. Mjølkesyra gir hudene tilbake den opprinnelege fargen.
Garving av skinn med hår
Forholdet mellom bork og vatn i logen: 1 : 2
Til 3 saueskinn: 5 liter knust/melen bjørkebork til 10 liter vatn.
Kok godt opp og lat stå i 2 timar for trekking.
Lag ei blanding av lunka vatn (ikkje over 25 grader) og konsentrert borkelog i forholdet 1 : 20. ( lyst piss på farge!):
Fyll 1, 5 liter log til 30 liter lunka vatn i eit høveleg kjerald, og legg i skinna. Vend på dei, og sjå til at den utblanda logen kjem til alle stader. La skinna ligge i logen i 12 timar med kjøtsida opp.
Ta skinna opp og etterfyll med konsentrert log slik at blandingsforholdet blir 5 : 20 ( 1 : 4 ).
Altså: Fyll på med 6 liter konsentrert bjørkelog.
( 6 + 1,5 = 7,5 / 7,5 : 30 = 1 : 4 = 5 : 20 )
Den uttynna logen skal helst vere lunka / halde romtemperatur.
Legg i skinna på same måten som ovanfor, og lat dei ligg i 12 timar.
Kok ein ny log av 2,5 liter bjørkebork og 5 liter vatn.
I det neste «badet» skal forholdet mellom konsentrert bjørkelog og vatn vere 10 : 20 ( 1 : 2 ). Til 30 liter vatn treng me dermed 15 liter konsentrert log. Me har allereie i 7,5 liter + om lag 2,5 liter frå første kokinga. Har me i 5 liter konsentrert log, får me altså: (7,5 + 2, 5 + 5)liter = 15 liter konsentrert log.
Ta ut skinna, fyll på med log som ovanfor, legg i skinna og lat dei ligg i 12 timar til.
Strøgarving.
Ta opp skinna, lat dei renne av seg. Legg dei så med hårsida ned på eit flatt underlag av tre på ein kjølig stad. Strø på melen bjørkebork, og la skinna ligge i 3 veker. Dynk dei av og til med vatn. Lyft dei av og til opp frå underlaget for lufting. Eller ein kan legge to skinn mot kvarandre hud mot hud. Då held borken og hudene seg fuktige.
Etter tre veker smør du kjøtsida godt inn med solsikkeolje.
Dei naturgarva skinna vil halde betre på håra enn skinn som er garva med kjemikaliar ( t d kromgarva).



8 kommentarer In " Skraping og garving av skinn. del1 "
RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget. Tilbakesporings-URL
november 26th 2006 at 12:35 am
Glimrende og lærerikt skrevet! Du har gjort godt researcharbeid her, og har god grunn til å være stolt av deg sjøl!
Har lagt en trackback til dette stykket ditt om garving. Har i min blogg akkurat skrevet om et av de andre bruksområdene for logen, garvesyra, eller tanninen som den også kalles. -Den eldgamle kunsten å lage tanninblekk (Gallusblekk) ved hjelp av garvesyra i eikebarken.
Vår gamle gode Snorre Sturlasson skrev nok sitt “store verk” med tanninblekk, laget på denne måten. Legger ved en link til innlegget her:
http://www.vgb.no/799...
Beste helsing Nunzio
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
november 30th 2006 at 9:43 am
Hei
Det meste av dette arbeidet er gjort av gode vener av meg, som ikkje har så stort ønske om å spre kunsten. Sjøl har eg kun samla trådene og publisert arbeidet, samt garva både geit, rådyr og sau. Kjempeartig artikkel om blekket og pennemaking, gleder meg til og prøve det etter jul.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
desember 1st 2006 at 12:27 pm
#2 Kommentar fra ulsmann
Takker for det!
Gleder meg å se, og ikke minst lese om resultatet du fikk ut av det!:)
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
desember 3rd 2006 at 9:06 pm
Hei
Takk for flott oppskrift! Sitter på en del villsauskinn, så dette skal prøves ja! Har sendt skinn til garving før, men liker ikke noe særlig lukta av kjemikalier, og så røyter de en del. Tror nok det er mye bedre å gjøre det på den organiske måten.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
desember 3rd 2006 at 11:59 pm
ja det er heilt klart, men skrapinga krev tid og tolmod;)
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
desember 7th 2006 at 12:59 pm
Hei. Fant siden din ved en tilfeldighet. Er med i en historisk gruppe og skal lage meg en pung. En slakterkompis har skaffet meg noen værpunger ( naturlig fasong he he), som er rensket og fylt med salt. Disse har ligget i tett plast i et par år i påvente av kunnskap på garving. Er det for sent å gjøre noe med de? Har ikke åpnet posene enda. Har du oppskrift på å garve disse myke, og gjerne beholde pelsen/håret hvis de er intakt etter så lang lagring.
Mvh
Armystig
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
desember 7th 2006 at 5:38 pm
Hei Armystig.
Hvis pungane har ligget salta i frost kan du fortsatt bruke dei. Du bør snu dei og skrape vekk allt som ikkje skal være det, sener, fett og hynner. Då bør dei ha liggja i vann sirka ei natt i forveien. ta enden på ein stokk og gjer denn runn, sett så pungane på toppen. når du skraper. Seinare når du garver kan du velge om du strøgarver eller garver i lake. og så er det bare å tørke og gni pungen gjerne innvendig og utvendig med ei god matolje nøtte eller solsikke. Lykke til
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
1 Tilbakeping & Tilbakesporing
Legg igjen en kommentar