Garving av huder utan hår.

 Forholdet mellom bork og vatn i logen: 1 : 2

 Til 3 avhåra sauehuder: 5 liter knust/melen seljebork til 10 liter vatn. Seljeborken gir ei mjukare hud enn bjørkeborken.

 Kok godt opp og lat stå i 2 timar for trekking.

Lag ei blanding av lunka vatn (ikkje over 25 grader) og konsentrert borkelog i forholdet 1 : 20. ( lyst piss på farge!):

 Fyll 1, 5 liter log til 30 liter lunka vatn i eit høveleg kjerald. Tilset 40 gram salt (NaCl) pr liter blanding, dvs 1, 2 kilo salt til gode 30 liter. Det er ikkje nødvendig å tilsette meir salt etter dette. Legg i hudene. Vend på dei, og sjå til at den utblanda logen kjem til alle stader. La skinna ligge i logen i 12 timar med kjøtsida opp.

 Ta hudene opp og etterfyll med konsentrert log slik at blandingsforholdet blir  5 : 20 ( 1 : 4 ).

 

Altså: Fyll på med 6 liter konsentrert seljelog.  

 ( 6 + 1,5 = 7,5 / 7,5 : 30 = 1 : 4 = 5 : 20 )   Den uttynna logen skal helst vere lunka / halde romtemperatur. Legg i hudene på same måten som ovanfor, og lat dei ligg i 12 timar.

Kok ein ny log av 2,5 liter seljebork og 5 liter vatn.

 I det neste «badet» skal forholdet mellom konsentrert seljelog og vatn vere  10 : 20 ( 1 : 2 ). Til 30 liter vatn treng me dermed 15 liter konsentrert log. Me har allereie i 7,5 liter + om lag 2,5 liter frå første kokinga. Har me i 5 liter konsentrert log, får me altså:  (7,5 + 2, 5 + 5)liter = 15 liter konsentrert log.

 Ta ut hudene, fyll på med log som ovanfor, legg i hudene og lat dei ligge i 12 timar til.

 den siste, utblanda logen skal ha ein styrke på 20 : 20 (1 : 1). Til 30 liter vatn går det dermed 30 liter konsentrert seljelog.

 

Kok opp ein ny konsentrert log av 7,5 liter seljebork og 15 liter vatn. ( 15 + 15 = 30). Ta ut hudene, fyll på med dei nye 15 litrane med konsentrert seljelog og legg i hudene igjen. Lat dei ligge i denne logen i om lag ei veke. Ta snittprøver i hudene av og til for å sjå om dei er gjennomgarva.  Ein bør helst røre i logen ein gong for dag.

 

- Dersom det er få huder, og væskemengda blir vel stor ( i dette tilfellet 1 : 2: vel ca 15 liter konsentrert seljelog + 30 liter vatn = 45 liter væske), kan ein gjerne slå ut om lag halvparten av den utblanda logen, etter at ein har blanda godt. Det som blir igjen er ein log på 22,5 liter, med om lag 8 liter konsentrert bjørkelog og ca  17 liter vatn. No treng ein berre om lag 8 liter konsentrert log, som ein kokar av 4 liter seljebork og 8 liter vatn, som ovanfor. Alt blir blanda saman, og hudene kjem i som ovanfor.

 

Etter at hudene er gjennomgarva smør ein dei godt inn med  solsikkeolje.

 

Vurdert til: av 20 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende